27 og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar.
28 Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»
29 Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han.
30 Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»
31 Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»
32 Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»
33 «Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei.