3 Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.
4 Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’
5 Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins.
6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’
7 ‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’
8 Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’
9 Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.