15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge
16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet: Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»
17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
18 Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten.
19 Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.
20 Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»
21 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje.