17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
18 Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten.
19 Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.
20 Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»
21 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje.
22 Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»
23 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen. Og medan han underviste folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven har gjeve deg denne fullmakta?»