24 Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
25 Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’
26 Og svarar vi: ‘Frå menneske’, er vi redde for kva folket vil gjera, for alle held Johannes for ein profet.»
27 Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
28 Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’
29 ‘Nei, eg vil ikkje’, svara han. Men sidan angra han og gjekk.
30 Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. ‘Ja, herre’, svara han; men han gjekk ikkje.