34 Då det nærma seg innhaustingstida, sende han tenarane sine til bøndene for å få avlinga si.
35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei, og ein steina dei.
36 Sidan sende han andre tenarar, fleire enn første gongen, men dei gjorde det same med dei.
37 Til slutt sende han son sin til dei; for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’
38 Men då vinbøndene fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’
39 Så tok dei han, kasta han ut av vingarden og slo han i hel.
40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse bøndene?»