43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.
44 Den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»
45 Då overprestane og farisearane høyrde likningane hans, skjøna dei at det var dei han sikta til.
46 Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket, som heldt han for ein profet.