5 Sei til dotter Sion: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr.
6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.
7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.
8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen.
9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!
10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?»
11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»