12 Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde.
13 Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’
14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
15 Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord.
16 Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du alltid held deg til sanninga og lærer sant om Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skilnad på folk.
17 Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
18 Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?