17 Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
18 Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?
19 Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar.
20 «Kven har biletet og namnet sitt her?» spurde han.
21 «Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»
22 Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.
23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: