21 «Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»
22 Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.
23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
24 «Meister, Moses har sagt: ‘Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.’
25 No var det ein gong sju brør hos oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren.
26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju.
27 Sist av alle døydde kvinna.