28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29 Jesus svara: «De er på ville vegar fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt.
30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller blir bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.
31 Men om oppstoda frå dei døde, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk når han seier:
32 ‘Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!’ Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»
33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
34 Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde fått saddukearane til å teia, kom dei saman.