37 Han svara: «‘Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’
38 Dette er det største og første bodet.
39 Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’
40 På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
41 Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei:
42 «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David», svara dei.
43 Jesus sa: «Korleis kan då David ved Anden kalla han herre når han seier: