6 Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og slo dei i hel.
7 Då vart kongen sint. Han sende ut troppane sine og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.
8 Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige.
9 Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’
10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd.
12 Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde.