8 Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige.
9 Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’
10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd.
12 Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde.
13 Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’
14 For mange er kalla, men få er utvalde.»