9 Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’
10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd.
12 Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde.
13 Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’
14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
15 Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord.