1 Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:
2 «På stolen til Moses sit dei skriftlærde og farisearane.
3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For det dei seier, gjer dei ikkje.
4 Dei bind bører som er for tunge til å bera, og legg på akslene til folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.
5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer bønereimane breie og minneduskane store.
6 Dei likar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogane,
7 og at folk helsar dei på torget og kallar dei rabbi.