15 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.
16 Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: ‘Sver du ved tempelet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i tempelet, er eiden bindande.’
17 Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller tempelet som gjer gullet heilagt?
18 Og like eins: ‘Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, er eiden bindande.’
19 Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag?
20 Den som sver ved altaret, sver både ved det og ved alt som ligg på det.
21 Og den som sver ved tempelet, sver både ved det og ved han som bur i det.