25 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst.
26 Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!
27 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.
28 Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.
29 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravminne over profetane og pryder gravene til dei rettferdige og seier:
30 ‘Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje gjort oss medskuldige i blodet til profetane.’
31 Slik vitnar de sjølve at de er born av dei som slo profetane i hel.