4 Dei bind bører som er for tunge til å bera, og legg på akslene til folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.
5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer bønereimane breie og minneduskane store.
6 Dei likar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogane,
7 og at folk helsar dei på torget og kallar dei rabbi.
8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er meisteren dykkar, og de er alle sysken.
9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.
10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har éin lærar: Kristus.