18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.
19 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!
20 Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat!
21 For då skal det koma ei trengselstid så stor som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri skal bli.
22 Og vart ikkje desse dagane avkorta, kom ikkje noko menneske til å bli frelst. Men for dei utvalde skuld skal desse dagane gjerast kortare.
23 Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Der er han’, så tru det ikkje!
24 For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd.