28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.
30 Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folkeslag på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.
31 Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.
32 Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33 Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.
34 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.