30 Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folkeslag på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.
31 Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.
32 Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33 Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.
34 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.
35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.