32 Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33 Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.
34 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.
35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
37 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,