34 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.
35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
37 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,
39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.
40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.