37 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,
39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.
40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.
41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.
42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.
43 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.