4 Jesus tok til orde og sa: «Ta dykk i akt så ingen fører dykk vill!
5 For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Eg er Messias.’ Og dei skal føra mange på villspor.
6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skremma! For dette må henda, men enno er ikkje enden komen.
7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv på stad etter stad.
8 Men alt dette er berre byrjinga på fødselsriene.
9 Då skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.
10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.