40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.
41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.
42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.
43 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.
44 Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45 Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid?
46 Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!