14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde.
15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet.
16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.
17 Han med to gjorde det same og tente to til.
18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.
19 Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.
20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’