16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.
17 Han med to gjorde det same og tente to til.
18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.
19 Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.
20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’
21 Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
22 Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’