2 Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke.
3 Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.
4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine.
5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’
7 Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.
8 Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’