21 Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
22 Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’
23 ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
24 Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut.
25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’
26 Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut.
27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.