24 Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut.
25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’
26 Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut.
27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.
28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti!
29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.
30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’