27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.
28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti!
29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.
30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’
31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom.
32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene,
33 og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.