5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’
7 Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.
8 Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’
9 ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’
10 Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.
11 Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’