8 Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’
9 ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’
10 Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.
11 Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’
12 Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’
13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde.