11 Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.
12 Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi.
13 Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»
14 Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane
15 og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.
16 Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
17 Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»