16 Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
17 Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»
18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»
19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv.
21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»