18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»
19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv.
21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»
23 Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.
24 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»