2 «De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»
3 Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas,
4 og vart samde om å gripa Jesus med list og slå han i hel.
5 «Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»
6 Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,
7 kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords.
8 Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?