25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.
26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»
27 Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det!
28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.
29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
30 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
31 Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.