28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.
29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
30 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
31 Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.
32 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»
33 Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.»
34 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»