32 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»
33 Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.»
34 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»
35 Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane.
36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.»
37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru.
38 Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»