36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.»
37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru.
38 Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»
39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time?
41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»
42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.»