4 og vart samde om å gripa Jesus med list og slå han i hel.
5 «Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»
6 Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,
7 kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords.
8 Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?
9 Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.»
10 Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.