48 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!»
49 Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han.
50 Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.
51 Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.
52 Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd.
53 Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?
54 Men korleis kunne då skriftene bli oppfylte, dei som seier at dette må henda?»