59 Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden.
60 Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to
61 som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’»
62 Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?»
63 Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?»
64 Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.»
65 Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.