60 Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to
61 som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’»
62 Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?»
63 Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?»
64 Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.»
65 Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.
66 Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»