65 Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.
66 Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»
67 Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet
68 og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?»
69 Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.»
70 Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.»
71 Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»