71 Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»
72 Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!»
73 Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.»
74 Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen.
75 Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.